Gossen Bygdekvinnelag sin Varme skjerf-aksjon 2024
Søndag 29. september inviterer Gossen Bygdekvinnelag små og store til turmarsj og opning av Bygdekvinnene sin Varme skjerf-aksjon i Aukra
Dagens program:
- Opning av Gossen Bygdekvinnelag sin Varme skjerf-aksjon ved vår eiga Bygdekvinne og varaordførar i Aukra, Torill Einara Nerbøvik.
- Korte historier / appellar frå våre Bygdekvinner Elin, Katrine og Conny.
- Litt info frå vår Bygdekvinne og kreftlege ved Molde Sjukehus / SNR, Hanne Katrine.
- Turmarsj til gapahuken på Riksfjordremma. Enkel forfriskning vel framme i gapahuken.
Gossen Bygdekvinnelag opnar ein SPLEIS for å bidra til trivsel for dei kreftramma i vårt distrikt
Turløypa vår vil vere merka med våre varme skjerf og små varme hjarte strikka og hekla av Bygdekvinnene til årets aksjon. Bygdekvinnene sitt ønske er å bidra til auka bevisstgjering om kreftsaka, auka fellesskap og at dei innsamla midlane skal bli til glede for kreftramma i vårt eige nærområde.
Midlane som samlast inn vil Gossen Bygdekvinnelag bruke til trivselstiltak ved kreftpoliklinikken v. Molde sjukehus / SNR
Vi håper riktig mange vil legge merke til skjerfa våre både i turløypa og i sentrum. Håper også riktig mange vil bidra til SPLEISEN vår. Aksjonen varer ut oktober.
Å bidra gjer du ved å bruke QR-koda du finn saman med skjerfa. Då kjem du rett inn i SPLEISEN, der du lett kan VIPPSE ditt bidrag til aksjonen vår.
Støtt også SPLEISEN vår ved å trykke på lenka her: https://www.spleis.no/project/386562
Vi er takknemlege for alle bidrag!
Alle, både små og store, er hjarteleg velkomne til å delta i vår Varme skjerf-aksjon!
Oppfordrar også andre lag og organisasjonar til å bidra til aksjonen.