Laurdagskafé med Juleball Loppis og Røaelva Band
Laurdag 28. september inviterer Gossen Bygdekvinnelag til laurdagskafé med eiga avdeling for Juleball Loppis og med underhaldning på Soltun scene
Bygdekvinnene ønsker på nytt alle velkomne til laurdagskafé - denne gongen også med Loppis!
I kaféen har vi som vanleg gode kaker, sveler og påsmurd mat. I tillegg kan vi også by på ein meir "ungdommeleg meny" med pizzasnurrar og tacobaguettar!
I vår eiga Loppisavdeling kan du vandre rundt og kanskje finne deg ein fin ballkjole til juleballet. Her er sjansen stor for at du kan finne kjolen du ønsker deg - heilt ny for deg og til ein fin pris!
På Soltun scene har vi med oss RØAELVA BAND - denne gongen også med Bygdekvinnelaget sine Sangfuglar i nokre sangnummer.
Med andre ord - her ligg det an til ei ny, triveleg stund i lag. Her kan du kose deg med fin sang og musikk, nyte ein god kopp kaffi og Bygdekvinnene sine gode kaker eller anna god mat frå kaféen. Trivsel og sosialt fellesskap er viktig, så håper riktig mange tek turen innom oss på laurdag!
Dagens program:
Kl. 11.00 - 15.00: Juleball Loppis
Kl. 12.00: Rødelva Band med Sangfuglane på Soltun scene
Kl. 13.00: Rødelva Band med Sangfuglane på Soltun scene
Sjåast på laurdagskafé og Loppis, så velkomen til alle