Alltid stor stas når damene frå JoinUs og bygdekvinnene møtest til matlaging
Måndag 20. oktober møttest damene frå JoinUs og bygdekvinnene igjen til matlaging i Bygdastauå - denne gongen med fiskesuppe og eplekake på menyen
Så kjekt å møtast igjen til matlaging i Bygdastauå. Lenge sidan april no, så stor gjensynsglede med smil og klemmar som sat laust. Matlagingskveldane er populære, så Bygdastauå fyllest fort når rundt 30 kvinner møtest til matlaging. Like mange kvar gong!
Fiskesuppe med mykje godt oppi er ingen sak å lage når flinke damer går til verks! Her er damene på heimebane sjølv om rettane kanskje er meir ukjente. Ingen sak å lage ei stor gryte med suppe med så mange kokkar!


Litt humor er alltid bra! Lett å sjå at bygdekvinnene trivest godt i lag med sine nye vennar - alltid stas å møtast til matlaging!

Dessert må alltid vere med! Eplekake med vaniljekrem vart dagens dessert. 

Siste finish på eplekaka og fiskesuppa klar til servering.

Så var det tid for å nyte eit godt måltid saman! Nydeleg fiskesuppe med kjempegod eplekake til dessert - for ein kveld det vart!
Tommelen opp - "ta her" var godt! Norsk mat, syrisk mat og ukrainsk mat så langt - alltid fint å utveksle matkultur, nyte god mat i lag og bli kjent med kvarandre på JoinUs-kveldane våre!