Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Annleisåret 2020


Ved inngangen til desember for vel eit år sidan inviterte Gossen Bygdekvinnelag til sitt vanlege førejulstreff på Frivilligsentralen. Fin underhaldning med sang og musikk, eit bugnande bord med julemat og ein god prat ved kaffikoppen gjorde dagen til ein flott start på adventsstida. Lite ante vi då at 2020 skulle bli eit heilt annleis år! 
 

Kvinner UT var det store prosjektet for Gossen Bygdekvinnelag i 2020. Saman med Eining for innvandring og integrering la vi store planar for 4 samlingar, og optimistisk sette vi igang.

I februar inviterte vi til stor bakedag med norsk tradisjonsmat til kaffien som tema. Over 30 innvandrarkvinner frå 16 ulike land møttest på innvandrarkaféen for å lage Kvæfjordkake, sjokoladekake, sveler, vaflar, Sunnmørsgodt og riskrem. Bakedagen vart ein kjempesuksess! 

Neste arrangement i KvinnerUT var 8. mars med stort opplegg for feiring av Kvinnedagen. Dagen skulle feirast for aller første gong i vår kommune. 

Midt oppe i dette dukka det også opp ein invitasjon til å lage ein liten filmsnutt for Norges  Bygdekvinnelag og Prosjekt KvinnerUT.  

Dermed vart det leirbål på vakre Horremsleira og eit flott møte mellom Bygdekvinnene på Gossen, innvandrarkvinnene frå bakedagen og filmskapar Camilla Nanseth. Dette var 7. mars - dagen før den store kvinnedagen! 


Så var vi klare for 8. mars og den store kvinnedagen. Men på denne tida var det også heilt andre ting på gang!  Covid 19 begynte for alvor å dukke opp i nyheitsbiletet - også Norge!  

Vi fekk startsignal for arrangementet vårt, men i ettertid ser vi at vi var kjempeheldige som fekk gjennomført Kvinnedagen. Berre nokre få dagar etter vart heile landet stengt ned og strenge smittevernreglar innførte på grunn av faren for koronasmitte. Kvinnedagen vart med andre ord det siste arrangementet vi i GBK fekk gjennomført før landet stengte ned.

Stas å tenke tilbake på kor kjekt det var å ønske velkomen til ein festpynta og nesten fullsatt sal, der flotte kvinner stod fram på scena med sine sterke historier, og der Kinda Trio gleda oss alle med fantastisk musikk. Heldige var vi også som fekk besøk av Sosan Asgari Mollestad frå Norges Bygdekvinnelag og KvinnerUT. Sosan fortalde si historie og tok oss inn i kva inkludering eigentleg handlar om - og kva KvinnerUt handlar om i kvardagen og i møtet med nye innbyggarar! 

Foto:   Gunn Årønæs

Foto: Gunn Årønæs

Sjølv om landet vart litt gjenopna til sommaren, blei det ikkje likare til hausten - ei ny runde med stor smittefare gjorde på nytt at mangt på nytt måtte avlysast. Det har likevel vore små glimt av aktivitet innimellom i dette annleisåret. I juni hadde vi liten sommarfest for medlemmane våre der vi samtidig innvia det nye teltet vi skulle bruke på torgdagen vår i september. Torgdagen vart utsett til neste år, men stor stas å møtast for å innvie teltet og ha det kjekt i lag etter at landet hadde vore stengt ned sidan i mars!


Stor stas var det og å få møte Helle frå Norges Bygdekvinnelag, som ferierte på Gossen i sommar. Bygdekvinnene inviterte spontant til ei shyggestund i Bygdestauå, og du verden så trivelege det vart. Kjempekjekt, Helle!

Med strenge smittevernreglar og koronaavstand inviterte vi og til fest i naustet til Oddny, ei av Bygdekvinnene i laget. Fantastisk god sjømat, quiz og allsang -  så hyggeleg å møtast igjen etter ferien! 


Likevel - Ikkje alt vart slik vi tenkte det dette året. Vi kom ikkje heilt i mål med KvinnerUT, torgdag og jubileumsfeiringa vår måtte utsetjast, mange medlemsmøte måtte avlysast og vi fekk heller ikkje arrangere lefsekurs eller invitere til førejulstreff med julemat som i fjor. Då er det fint å mimre tilbake på noko av det vi har vore med på i annleisåret 2020, og litt vart det jo!
Ikkje minst var det kjekt at vi fekk til å vere med på Verdas matvaredag i haust . Det vart ein kjempefin dag på Gossen barne- og ungdomsskole! https://bygdekvinnelaget.no/lokallag/gossen-bygdekvinnelag/nyheter/verdas-matvaredag-bruk-heile-dyret

No gler vi oss til eit nytt Bygdekvinneår med nye, spennande oppgåver. Vi håper og trur 2021 etter kvart bringer oss tilbake til meir normale dagar der vi kan møtast som før og vere sosiale i lag.
Det er slik vi likar å ha det!