Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Årets første reddik i prosjekt Nøysam

Tidleg i mai og reddikane vi sådde i april er alt klare til hausting. Denne smakar nok godt!

Det spirer og gror i barnehagen på Gossen når barna deltar i prosjekt Nøysam

DYRK SJØL er eit av fire tema når Norges Bygdekvinnelag med støtte fra Sparebankstiftelsen DNB inviterer små og store til praktisk kunnskap som gjer det lettare å ta miljøvenlege og berekraftige val i kvardagen. Å dyrke sjølv gir deg ferske råvarer. Du kjem nærare naturen, og du lærer om mat du lett kan dyrke sjøl for å vere meir sjølberga.




Dyrk sjøl har difor vore temaet når damene frå Gossen Bygdekvinnelag, 40 - 50 barnehagebarn og dei vaksne i Barnebo barnehage på Gossen har møttest for å så og plante og denne våren.  

Første så- og plantedag var 11. april. Ivrige barn sådde gulrotfrø i mjølkekartongar og solsikkefrø i små beger. Alt skulle få stå drivhuset til det spira og plantene var store nok til å bli med dei heim. Det vart også sådd gulrot, reddik, sukkererter, ringblomster og blomkarse til barnehagen sin eigen hage - alt til utplanting frå drivhuset når nattefrosten var over og Bygdekvinnene kom tilbake. 

Sådag i barnehagenSådag

Veret var ikkje på sitt aller beste denne dagen, men humøret og innsatsen var på topp! Såing, litt undring over dei små frøa barna fekk i hendene og innimellom litt plasking i søledammar - ein våt, men herleg dag!

SådagSådag

Måndag 13. mai var det ny plante- og sådag i barnehagen. Denne dagen var himmelen knall blå, sola skein og det var godt og varmt i veret. No låg alt til rette for ein fantastisk hagedag - noko det også vart!  

Gulrotfrøa barna hadde sådd i mjølkekartongane dei hadde med seg heimanfra og solsikkefrøa dei hadde sådd i små beger hadde vakse seg litt store og fine, så dei hadde alt fått bli med heim.

SolsikkeGulrot

Gulrøtene, solsikkene og sommarblomstane som framleis stod i drivhuset i barnehagen var også klare for utplanting. No var det barnas eigen grønsakhage som skulle bli til!
Ivrige barnehagebarn stilte seg velvillige i kø for å frakte alle små planter forsiktig i små spadar eller i hendene sine for å sette dei like forsiktig ned i ny jord ute eller inne i drivhuset. Dette var spennande!

UtplantingDrivhuset

Mjølkekartongane med gulrot i vart planta i ein pallekarm med jord oppi. Vi måtte ta vekk botnen av kartongen før vi sette den i jorda. Då får røtene vekse seg ned i jorda og få meir næring. Det er forresten lov å smake på gulrøtene når dei er store nok, så kan dei som er att få betre plass til å vekse seg skikkeleg store og fine. 

GulrotRabarbra og sommarblomster

Små tomatplanter, agurkplanter, jordbærplanter og urter vart også planta og potet vart sette. Solsikker, ringblomst, blomkarse, erteblomst, rabarbra og mykje anna kom også på plass denne dagen, så no blir det artig å sjå kor det veks og gror i barnehagen! Og sjølsagt skal barna vere med å vatne og passe godt på grønsakhagen sin - det har dei lova! 

JordbærNy såing av reddik og mykje meir.

Så klart måtte Bygdekvinnene by på noko godt når dei kom på besøk i barnehagen, og lukta av nysteikte sveler spreidde seg fort frå bordet der Bygdekvinnene stod ute med sveletakkene sine. Her var det berre å gle seg på nysteikte sveler til lunsj! Saman med fruktfata Bygdekvinnene også hadde med, vart det skikkeleg stas med lunsj ute i det fri.  

SvelerFruktfat

Stor stas var det og at dei første reddikane kunne haustast denne dagen, så no lovar det godt for tida som kjem - her blir det nok meir å knaske på etter kvart! Å sjå at det vi har planta og sådd blir til mat vi har dyrka sjøl er spennande - det synest barna og det synest Bygdekvinnene også!

Gossen Bygdekvinnelag