Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Gossen Bygdekvinnelag 60 år

Gossen Bygdekvinnelag feira sitt 60-årsjubileum i november 2021 - eit år etter at laget fylte 60 år.

Det var stor stas å endeleg kunne møtast på Aukra Hotell for å feire laget sitt 60-årsjubileum. Alle vart tatt i mot med bobler og jordbær og litt mingling før leiar kunne ønske både medlemmar og gjestar velkomne til eit nydeleg, festdekka bord. Spesielt kjekt var det å kunne ønske ordførar Odd Jørgen Nilsen velkomen til å feire i lag med oss. Spesielt velkomne var oss Rødelva band som stilte som musikarar og sangarar på jubileumskvelden.

Borda dekka til jubileumsfest

festlokalet

Leiar ønsker velkomen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Med Rødelva band og våre eigne Bygdekvinner Elise og Marianne som forsangarar slo vi så an tonen med "Venner for livet" som allsang før Eva og Oddbjørg framførte historia til laget fra oppstarten i november 1960 til november 2020 - alt til ein Power Point med skanna foto fra små og store hendingar i laget opp gjennom alle tiåra. Ei fantastisk reise i ord og bilete til glede for både gamle og nye medlemmar. Eva framfører historia til laget Eva og Oddbjørg

"De nære ting" var så neste sang før middag og dessert vart servert. På menyen stod lammeskank med rosmarinsjy, rotgrønakstuing, rødbetmos og potetkjeks med bacon. Dessert var heimelaga karamellpudding, men før desserten kom på bordet var det tale av leiaren, som også hadde laga ein jubileumssang til laget. Til kaffien litt seinare var det jubileumskake som stod på menyen.

Jubileumsmiddag hovedrett

Jubileumskake

 

 

 

 

Etter kaffien var det tid for helsingar til jubilanten, og først ut var ordførar, som overrekte blomster og heldt tale. 

Distriktsleiar Liv Borghild Hildre var også invitert til jubiléet, men kunne dessverre ikkje kome då ho var ute på reise. Distriktslaget sende blomster til laget man med ein flott tale fra leiaren - digitalt overrakt på storskjerm til stor glede for oss alle. 

 Blomsterhelsing fra ordførar Odd Jørgen Blomsterhelsing

Digitale helsingar fekk vi også frå Gossen barne- og ungdomsskole og frå Gossen motorklubb. 

Etter talane var Røaelva Band på scena igjen før Katrine takka for maten, og vi gjekk vidare til å heidre 50-årsjubilantane våre, Ingeborg Skeide, Signe Søreide og Oddbjørg Rød. Randi overrekte blomster og gode ord til kvar av dei.
50-årsjubilantar 50-årsjubilant

Kvelden vart avslutta med  Jag trivs best i øppna landskap.

        

 

 

 

Gossen Bygdekvinnelag_jubileumsskrift