Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Kjemikaliefri heim - tredje del av prosjekt NØYSAM i Gossen Bygdekvinnelag

21. mai møttest ein gjeng ivrege kvinner til workshop i Bygdastauå på Gossen for å lage multispray, skurekrem og skrubbekrem - alt basert på ingrediensar vi har i skuffer og skap heime. Kjempespennande og interessant!

Vår eiga bygdekvinne og leiar for workshoppen, Anne Berit Solem, starta kvelden med å dele ein tankevekkande og interessant Power Point ho hadde laga med info om ulike kjemikaliar som er tilsette i mange av dei komersielle produkta vi omgir oss med. Ingrediensar som t.d. parabenar og PFAS kan finnast i alt frå sprøytemiddel til matvarer, vaskemiddel, plast og hygieneartiklar.  
Anne BeritPower Point

Korleis verkar desse stoffa inn på helsa vår, og kan dei brytast ned i naturen? Hormonforstyrringar, allergi og i verste fall kreft kan vere risikofaktorar, så sjekk ingredienslista på eit produkt før du kjøper det! Jo kortare liste, jo mindre risiko! Alle tilsetningsstoffa er kanskje ikkje like skadelege, men vi kjenner heller ikkje langtidseffektane av alle produkta vi omgir oss med. 

NøysamVaskehjelpen

Med stor inspirasjon frå artikkelen Vaskehjelpen: Smart og miljøvenleg v. Astrid Seime i Bygdekvinner nr. 2 /24 lot vi oss inspirere av Caroline Heyerdahl, som brenn for å lære folk å vaske smartare og sunnare. I denne artikkelen deler Caroline enkle og spennande oppskrifter frå boka si Vaskehjelpen med lett tilgjengelege ingrediensar - oppskrifter som motiverer oss til å lage produkta og som vi ønska å bruke i prosjekt NØYSAM. 

Natron og bakepulver

Vi skjøna fort at bakepulver, natron, eddik og sitron kan bli det nye innhaldet i sprayflaska og skurekremen vi har ståande på badet eller på oppvaskbenken på kjøkenet vårt. Eller kva med ein heimelaga og kjemikaliefri skrubbekrem vi kan bruke på kroppen?

Dette fenga også alle damene som møttest til workshop, så her vart det ivreg miksa og blanda både på flasker og i krukker. At ein kan lage berekraftige og kjemikaliefrie vaskemiddel av ingrediensar ein allereie har i skuffer og skap heime hos seg sjølv appellerte til damene.  At det i tillegg kan spare miljøet og spare deg sjøl for pengar er også berekraftig og framtidsretta på alle vis!

Workshop

Her lagast det multispray og skurekrem etter oppskriftene Caroline Heyerdahl deler i Bygdekvinner.

MultispraySkurekrem

MultispraySkurekrem

...og her lagast ein fin kroppskrubb av 1/2 dl olje, 1 dl demarasukker og 10 dråper eteriske oljer - som til dømes med lavendel. 

KroppsskrubbKroppsskrubb

Kjempespennande, så dette må berre prøvast - og det lovar godt!

KropssGevinstar

Etter ein interessant og produktiv workshop med fullt fokus på spennande produkt, var det tid for forfriskingar, litt sosialt med utveksling av eigne tips og triks og  utlodding.

At gevinstane denne kvelden var fine produkt av den kjemikaliefrie sorten var eit klart val - ikkje minst til inspirasjon for berekraftige eigne val framover. 

ForfriskningarPause

LotteriansvarlegKjekt å vinne

Alle fekk med seg heim oppskriftene på produkta vi laga.  I tillegg fekk alle eit lite hefte, TIPS OG TRIKS,  sett saman av Anne Berit. Heftet inneheld  gamle kjerringråd og oppvasktips generøst delt med oss av våre venner i Vassenden Bygdekvinnelag frå deira hefte i samband med NØYSAM, litt også tatt frå boka til Caroline Heyerdahl, litt frå Googlesøk og litt frå eigne erfaringar. Her er det mykje kunnskap frå gamle dagar som kan hentast fram igjen! 

- Vasking er enkel kjemi med basisk og surt. Det har ikkje endra seg sidan tidenes morgon. Vi treng ikkje flasker fulle av skadelege ingrediensar for å få det reint, seier Caroline Heyerdahl i intervjuet med Astrid Seime i Bygdekvinner.  At dette stemmer har vi fått mange fine tilbakemeldingar på etter workshoppen. Produkta vi laga er i bruk, og det beste av alt - dei fungerer kjempebra! Det lovar godt for framtidige val!