Kvinnedagen 2025 i Aukra
Kvinnehelse var tema da Gossen Bygdekvinnelag og Eining for innvandring og integrering for tredje gong inviterte til markering av den internasjonale kvinnedagen
Riktig mange fann vegen til ein festpynta Wickssal i Aukra kulturhus denne kvelden. Kinda Trio med Sharleen Clapperton var første gjestar på scena.
Med nydelege klassiske musikkstykke og fengande folkemusikktonar skapte dei ei fin ramme rundt kveldens program.
Kinda Trio var med oss på den aller første kvinnedagen i 2020, så stor stas å ha dei tilbake på scena.
Thea Beate Brevik var først ut med si tilnærming til kvinnehelse med fokus på livmorhalskreft. -Livmorhalskreft kan forebyggast og utryddast. Thea Beate Brevik har doktorgrad innan sitt tema, og ho har motteke fleire prisar for sitt engasjement innan folkeopplysning.
Reduser risikoen for livmorhalskreft i alle fasar av livet - som ung jente, som vaksen kvinne, som godt vaksen kvinne og som eldre kvinne. Oppdatert og viktig kunnskap vart her formidla fra scena om vaksinasjonsprogrammet der alle jenter og gutar i 7. klasse får tilbod om HPV-vaksine som del av barnevaksinasjonsprogrammet med vaksinen Cervarix. Det var og fokus på korleis du sjøl kan ta vare på helsa di i alle aldrar.
Nyare og betre vaksine har kome til, men er ikkje tatt inn i dagens vaksineprogram. Her vart det sett fokus på eit klassedelt samfunn der nokre har økonomisk høve til å kjøpe betre vaksiner enn det vaksineprogrammet tilbyr. Ein pågåande samfunnsdebatt og ein tankevekker for oss alle!
June Elisabeth Obam, dagleg leiar Krisesenter Molde og omegn, tok for seg helsemessige konsekvensar av å leve i vald - og der dei helsemessige konsekvensane verte store.
Vald i nære relasjonar kan utarte seg i mange ulke variantar, der dei helsemessige konsekvensane bli store. June Obam kom også inn på korleis vi kan vere gode og støttande medmenneske i møte med nokon som blir utsette for vald.
Jeanette Varpen Unhjem sitt tema var kvinnehelse, arbeidsliv og omsorgsarbeid i alle faser av livet. Kan det i arbeidslivet si leggast betre til rette i etableringsfasen der ein har omsorg for små barn? Viktig fokus - ikkje minst på kvinnedagen! Her har vi ein veg å gå!
Kvinnehelse, arbeidsliv og livsfasen midt i livet - også her både Interessant, nyttig og for mange også gjenkjennbart.
Jeanette har doktorgrad i medisin og helsefag og omfattande erfaring fra sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Molde- Arbeidsliv og velferdsordninger må tilrettelegges slik at kvinner og menn skal få tid til å ha omsorg for både barn og eldre.
Kveldens meny var salater av mange slag med Baklava og til dessert - alt laga av bygdekvinnene og dei syriske kvinnene i Eining for innvandring og integrering.
Med tre fantastiske ressurspersonar på scena, flott musikk av Kinda Trio og god mat vart dette ein både triveleg og interessant kveld. Nyttig og svært viktig for oss alle!