Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

På øya der liljene gror

Aukra kyrkja fyller 190 år og påskeliljemarka fyller 300 år dette året. Gossen Bygdekvinnelag sitt bidrag inn i jubileumsveka var ei tilstelning i Aukra kulturhus med temaet "Bygdekvinnelaget, kyrkja og påskeliljemarka.

Det finnest fleire forklaringer på korleis påskeliljemarka i Aukra vart til. Ei av forklaringane er at presten Alexander Borch, som var prest i Aukra frå 1696 - 1725, hadde med seg påskeliljeløkane heim frå ei jorsalfarreise. Påskeliljene spreidde seg etter kvart og vart til den flotte Påskeliljemarka vi har no - eit ynda fotoobjekt kvar vår ved påsketider. Den fine handmåla borden på Aukradrakta for smågutar og småjenter har sitt motiv frå påskeliljemarka.  

Aukradrakta

Eva Husøy hadde idéen til den første Aukradrakta for småjenter. Saman med fleire av damene i den gong Gossen Bondekvinnelag, utforma dei i lag den første jentedrakta med påskeliljemotivet på forledet - eit motiv teikna av kunstnaren Ingrid Nedrelid. Til mønsteret fekk dei god hjelp av Ingjerd Husøy.  

Aud Irene Tollefsen utforma deretter gutedrakta med tilhøyrande jakke, capen til jentedrakta, sydde og monterte alt på draktene og måla for hand påskeliljemotivet på forkledet til jentedrakta og på tørkledet i lomma på gutedrakta - eit imponerande arbeid gjennom nesten 30 år. I alt har ho sydd rundt 300 drakter samt mange jakker og caper.

Aukradrakta

Stas å få presentere nysydde Aukradrakter med motiv frå påskeliljemarka nettopp i jubileumsveka for påskeliljemarka som fyller 300 år. Vidare framover blir utstillingsdokkene med litt info ståande i monter i kulturhuset til glede for alle som kjem innom. Viktig å ta vare på også denne kulturarven. 

"På øya der liljene gror" var forresten også tittelen då Eva Husøy sette seg i forteljarstolen.  Eva fortalde både fakta og små anekdoter om påskeliljemarka og om liljene som har spreidd seg vidare utover øya - alt illustrert med foto frå både eldre og nyare tid vist på storskjerm. 

Aukradrakta

Tusen takk og og ein vel fortent blomster til Aud Irene og til Eva frå Gossen Bygdekvinnelag.

Eva HusøyAud Irene Tollefsen

Oddbjørg Julnes Rød bidrog vidare med eit flott innlegg med tema "Bygdekvinnelaget og kyrkja". Her fekk vi høyre mykje interessant historie om det flotte samarbeidet med kyrkja - også dette illustrert på storskjerm.

Bygdekvinnene har opp gjennom alle tiår sidan laget vart skipa i 1960 bidratt med både gåver og elles stilt opp for kyrkja i mange ulike samanhengar. Nemner her gåver som brudestolar, møblar til sakrestiet, 7-arma lysestake til alteret, puter til kyrkjebenkane og kondolanseprotokoll. Bygdekvinnene har også pynta kyrkja til hausttakkefest, bidratt med grautkoking og servering på feitetysdag, laga til konfirmant-kyrkjekaffi, stilt med servering på bispevisitas og jubileum for a nemne andre ting - altid under mottoet "Til beste for bygda". 

BrudestolarOddbjørg Julnes Rød

Ein fullsatt sal foran Soltun scene viser at fantastisk mange fann vegen til arrangementet vårt denne kvelden for å ta del i vårt bidrag til jubileumsveka for kyrkja og påskeliljemarka

Her kunne publikum få med seg både interssant historie og nyte kaffi og gode formkaker. At Gossen Bygdekvinnelag sine sangfugler stilte opp med musikalske innslag saman med "sine musikantar", Terje Urdshals, Roald Borthne og Steinar Reitan, krydra kvelden litt ekstra og bidrog til den fine stemninga det vart i kulturhuset denne kvelden. 

Eit fullsattt festlokal

Rigmor Hjertvik står gjerne i kaféen saman med Signe Søreide, men Rigmor er også flink til å lese dikt. Denne kvelden framførte ho sitt favorittdikt "Livets strikketøy" - eit nydeleg dikt med fleire lag. 

KafeenRigmor

Kvelden vart avslutta med blomster og takk til alle dei engasjerte folka som bidrog og stelte i stand denne festkvelden. Takk og til alle som kom og gjorde kvelden vår til eit fint bidrag til jubileumsveka for kyrkja og påskeliljemarka!

Blomster og takk