Pysjkino på Gossen
2. februar inviterte Gossen Bygdekvinnelag alle barnefamiliar i lokalsamfunnet til gratis pysjkino i Aukra Kulturhus med visning av av filmen Paddington i Peru
Endeleg kunne Gossen Bygdekvinnelag invitere barnefamiliane til eit arrangement, så forventningene var store då vi fekk idéen om å invitere til gratis pysjkino🍿🍿🍿
Arrangementet starta alt klokka 10.30 med aktivitetar for barna og lett servering for små og store før filmen starta kl. 12.
Kafeen i kulturhuset var pynta med britiske flagg, serviettar og ballongar som seg hør og bør når det inviterast til pysjkino med bjørnen Paddington🧸🧸🧸
Gratis bollar, scones, kaffi og saft, popcorn og juice, masse flotte teikne- og klippeaktivitetar, tatoveringer til barna, quiz med Paddingtonbamsar til premiar og med "Paddington i Peru" på kinolerretet - dagen vart akkurat så triveleg som vi hadde håpa på då vi inviterte alle barnefamiliene på kino
Ein fullsatt kinosal og stor stemning - alle vår ønske om å nå barnefamiliane gjekk i oppfylling! Like før kinoen var det også trekning på dagens quiz. og alle som hadde levert inn vart med på trekninga av små og litt større gevinster. Stor stas å vinne den store Paddington-bjørnen!
Så takk til både små og store og alle kosebamsene som kom på pysjkinoen vår! At så mange både små og store stilte i pysj toppa det heile - dette vart så gøy!