Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Vaffeltausene

Sangfuglane våre, Marianne Urdshals, Tove Elin Reset, Helga Hjelmås og Elisabeth Eikrem Førde

Anne Berit Myrbostad, Indre Fræna Bygdekvinnelag

Kari Anne Rødal, Vassenden Bygdekvinnelag

Aud Solveig Malmedal, Møre og Romsdal Bygdekvinnelag

Musikarar og "Bygdekarar", Roald Borthne og Terje Urdshals

Gossen mannskor overraska også med fleire sangar til stor glede for oss alle.

Festkaka

Må vere ei fin ramme rundt ein fin fest! Litt av kveldens scenepynt.

Borda fint dekka i grønt og haustfargar.

...og her står Wickssalen fint pynta klar til å ta i mot kveldens gjestar.

Stor feiring i Gossen Bygdekvinnelag

Fredag 11. oktober var Wickssalen pynta til fest og feiring av Gossen Bygdekvinnelag, Årets lokallag 2024🌸🎉💃🍷

Kvelden starta med ein fantastisk konsert med  med Vaffeltausene etterfulgt av ein nydeleg middag med sosakjøt og riskrem laga av Hilde Havnen Skarshaug på Sjøpølsa - servert oss av dyktige karar frå Gossen mannskor. Grethe Uran frå Møre og Romsdal Bygdekvinnelag heldt takketale for maten🌸💕

SosakjøtRiskremFestbordetOgså frå festbordet

Takk for maten!

Stor stas var det og at vår eigen ordførar Helge Kjøll Jr var med og kasta glans over kvelden med gode ord, blomster og gåve -  stas å bli sett og sett pris på i vår eigen heimkommune💕 Her saman med leiar i Gossen Bygdekvinnelag, Kjellaug Urdshals.

Ordførar i Aukra, Helge Kjøll JRGode ord og gaver frå vår ordførar Helge Kjøll JR

I løpet av kvelden vanka det også gratulasjonar og gåver frå både Møre og Romsdal Bygdekvinnelag, Norges Bygdekvinnelag og frå våre nabolag, Vassenden og Indre Fræna Bygdekvinnelag. Så utruleg triveleg at dei ville vere med og feire saman med oss - og til stor glede for oss💕

Liv Borghild Hildre, Møre og Romsdal BygdekvinnelagMonica Frisvold Vågan

Liv Borghild Hildre frå Møre og Romsdal Bygdekvinnelag og Monica Frisvold Vågan frå Norges Bygdekvinnelag gratulerte Gossen Bygdekvinnelag som Årets lokallag 2024
 

Eva Husøy

Så var det tid for kake og kaffi samt litt program frå Bygdekvinnene sjølve. 

Eva Husøy ga oss eit tilbakeblikk på tiåra då dyktige Bygdekvinner la grunnlaget for det laget vi no har -
både interessant og med litt humor. 

Kvelden vart avslutta med sang og musikk av våre eigne  Sangfuglar saman med to av våre «Bygdekarar», som også er ein del av Røaelva Band.

 

Sangfuglene

Feiringa denne fredagskvelden oppfylte alle våre ønske om å dele prisen Gossen Bygdekvinnelag mottok på landsmøtet i Ålesund med alle dei flotte damene som bidrar til trivsel i laget vårt, som bidrar med idéar, som tek ansvar og som stiller opp!

Dei er dei som gjer Gossen Bygdekvinnelag til det fantastiske laget vi har, og som som vart kåra til Årets lokallag 2024!

Dette vart akkurat den festkvelden vi håpte det skulle bli - nesten litt magisk🌸🎉💃🍷