Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Bygdekvinnene sine heimelaga pizza

Teppecurling og pizza – ein perfekt kombinasjon for ungdommane våre

Teppecurling, Bygdekvinnene sine heimelaga pizza i alle variantar, snacks og goodies til ungdommane – for ein triveleg fredagskveld det vart i kulturhuset siste helga i januar.

Ungdommane kosa seg tydeleg rundt borda med prat, god mat, snacks og goodies gjennom heile kvelden – tydeleg også at det smakte ekstra godt med heimelaga pizza. 
Tommelen opp for god pizzaSnacks og godteri hører med

Teppecurling med Bygdekvinnene som instruktørar slo også godt an. Her viste damene at dei kan meir enn å lage pizza! 

BYgdekvinnene kan kunstenTeppecurling

Teppecurling var nytt for ungdommane, men du verden så gøy det vart! Heile 17 lag med både Bygdekvinner, ungdommar og ungdomsarbeidarar konkurrerte mot kvarandre, og laget som gjekk av med sigeren fekk sjølsagt premie🥇 

At Natteramnane også tok turen innomhus for å vere litt i lag, prøve seg på teppecurling og smake på pizzaen var også kjempekjekt. Fint å ha dei med på laget når det er Open kveld på kulturhuset. 

PremieutdelingNatteramn

No kan vi Bygdekvinner glede oss over ein ny, kjempetriveleg kveld saman med ungdommane våre, og for ein flott gjeng med ungdommar vi møtte – vi er så imponerte! 

Felles gledeKjekk kveld

Dette var andre gongen Bygdekvinnene inviterte ungdommane mellom 13 - 17 år i Aukra til eit rusfritt arrangement på ein fredagskveld. Alle skal kjenne at dei høyrer til!

Forrige gongen vi inviterte var i 2022. Då var det ungdomsdisko med lyd, lys og proff DJ frå SoundBase i Molde - også ein fantstisk kveld saman med dei unge.
Fint å vere i lag begge gongene - ungdommar og vaksne i triveleg fellesskap!

Fint også å ha ungdomsarbeidarane i kommunene med oss i desse arrangementa. Ei stor takk til Jenny, som var med oss frå starten av planlegginga denne gongen!