Hopp til hovedinnhold

Grytten Bygdekvinnelag

Gapahuk

Grytten bygdekvinnelag sin nye gapahuk

Norges bygdekvinnelag siitt prosjekt

Sep
15
Sun

Aktivitetsdag ved Megårdsdammen

Isterdalen, Megårdsdammen
-
Marit Bergheim, tlf 95252264

Grytten bygdekvinnelag har bygd gapahuk ved Megårdsdammen med god støtte frå sponsorar og dugnadsfolk. Vi trur denne kan vere til glede og nytte for turglade folk - særleg når dei rømmer frå sjellå..
Offisiell innviing vert med ein aktivitetsdag for små og store søndag 15. september.

Parkering ved fellesbeitet. Parkeringsvakt der. Det er også mogeleg å køyre heilt fram.

Kl 13 - 14: natursti frå fellesbeitet.

Kl 14: Ordførar Yvonne Wold «klipper snora»

Aktivitetar ved Megårdsdammen:

- sying av sitjeunderlag av gjenbruksmateriale, spikking av knaggar. Ved Rauma husflidslag. Støtta av prosjektet NØYSAM.

- stafett, hesteskokasting, hoppestrikk mmm. 
- god plass til fri leik

Matserveringa er etter SESONG og gratis:

- bakt potet og grilla pølser

- eplekake

- bålkaffi

Velkommen til små og store!