Laurdagskafe med Romsdalsk kakebord
Stor suksess då Ungdomslaget Romsdalshorn og Grytten bygdekvinnelag hadde laurdagskafe 8. februar.
Det rikhaldige kakebordet fall verkeleg i smak. Små og store kosa seg med mange sortar kaker, kaffi, te og saft. Praten gjekk og alle bord var i bruk i mange timar. Dei yngste fekk utfolde seg med teikning og fargelegging. Dei var også mest spente på loddtrekninga.