Takkebaksten er i boks og frysar
Det hadde vore plass til fleire på kurset, men utbytet var stort for dei som deltok.
Torsdag og fredag ettermiddag og mykje av laurdag nytta vi til å lære mysteriet tradisjonell bakekunst.
Å få deiga passe god til utbaking må ein «få inn i fingrane». Så er det stas om leiven blir nokolunde rund. At han sit fast i bakebordet når du skal flytte over til takka, kan fort bli ei utfordring. Og kor hard steiking skal dei ulike sortane ha? Takkebakst er nok ein kunst vi må øve lenge på!
Etter stemninga på kurset å døme, vert det nytt kurs til hausten!