Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Deltakere på "Ville Vekster"

Lukt og smak er viktig

Mykje å lære også i bøker

Ville vekster i panna

Grønsakåkeren


Grønsakåkeren er gjort klar for sommaren

Vi er igang igjen. Laila og Sveinung har pløgd større åker, det er gjødsla med naturgjødsel og 7 - 8 slag poteter er forlengst i jorda. Deltakarane, foreldre og barn, har vore med på det. I desse dagar er det planta ulike slag rotgrønsaker, erteslag, bønner, gresskar osv. Tomatene veks innmed uthusveggen.

Mykje er sådd og drive fram innandørs like frå mars/april.

Vi har hatt temakveld der 4-H frå Lisleherad også var med. "Ville vekster" m. Ingunn Gåsodden viste oss mange ulike slag i blomsterenga som kunne gje oss både vitaminer og andre næringstoffer. Vi tok med oss det vi hadde sanka og drog til Jakthytta i Tåråfjell. Der blei det laga til bål og steikt mykje godt av det som var sanka inn. Eit par medlemmer av Bygdekvinnelaget møtte fram med pannekakerøre, og barna steikte og åt. Er det noko som er betre enn pannekaker med friske urter på??

Grønsakåkeren blir fulgt opp med luking og vatning etter behov gjennom sommaren av deltakarane som skifter på den jobben. Så får vi håpe det blir mykje godt å hente der også når høsteen kjem.