Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Høsttakkefesten 2021

Høsttakkefest


Høsttakkefest i Heddal 3. oktober

Yli og Strand krets i Heddal Bygdekvinnelag hadde ansvar for høsttakkefesten i Heddal Låvekyrkje iår. Som bildet syner blei det rikeleg med frukt og grønt og vakre blomar sjøl om mykje har vore høsta tidlegare. Det var uvanleg tidleg frukthøst her i bygda i år, kva nå grunnen har vore.

Etter messa var det duka for 38 gjester i Cafe Olea. Grendekvinnene hadde som vanleg ordna med kaffe og gode heimelaga kaker. Høsttakkefesten er ein tradisjon alle set pris på. I år var messa i Låvekyrkja, tidlegare år har den vore i Heddal Stavkyrkje.

Bildet som følgjer er det Vera Tinnes Solaas som har tatt.