Referat medlemsmøter
Medlemsmøte 27. januar og 17. februar 2022
Begge medlemsmøtene var på Vidar Kulturhus i Heddal.
Møtet 27. januar hadde tema "Husmannsplassar i Heddal før og nå". Laget inviterte Inger Johanne Bakka til å fortelle om arbeidet som Historielaget i Notodden gjør for å samle stoff til den 4. boka om husmannsplassar i Heddal. Dette blir den 4. boka og er eit omfattande arbeid som ho gjør rekning med skal kome i bokform i løpet av dette året.
Inger Johanne er ei av fleire eldsjeler i historielaget også i dette arbeidet. Ho er Æresmedlem i Notodden Historielag.
Møtet 17. februar hadde tema "Verdensarven". Verdensarvkoordinator Vicky Mikalsen heldt eit interessant foredrag om sine oppgåver, og det arbeidet som er lagt ned gjennom dei siste 5 åra.
Utfordringar er
- bygg som treng restaurering
-tømmerrenna
-verdensarvsenter på Tinnfoss 1
-digital verdensarvutstilling
-industripromenaden
-lynavlederhuset på Svelgfoss
-spel i Juvet
-"et verdensarvsenter der det er godt å bu - er et godt sted å besøke".
Per Ole Hagen , P1 tilsatt, fotograf, delaktig på mange Bluesfestivalar, musikkviter, lærar m.m. presenterte e-bok om verdensarven. Han demonstrerte korleis ein kan ta seg fram i denne boka.
Laila Glittenberg Moen - leiaren vår - la fram aktuelle lagssaker på begge møta. Ho takka dei dyktige og interessante foredragshaldarane og kretsane Strand og Seljord som ansvarlege for mat og kaffiservering.