Sommarturen 2021
Sommartur på Telemarkskanalen
28 forventningsfulle bygdekvinner syntes dei hadde vore lenge nok i karantene, det har vore avlyste møter og lite kontakt elles blant medlemmene. Nå skulle vi endeleg samlast til tur. På Ulefoss stod båten klar, Victoria, skulle ta oss gjennom fleire sluser like til Lunde. Vi hadde sol og kunne nyte det vakre og frodige landskapet ute på båten. Ved ankomst til Lunde fekk vi kjøpe forfriskningar mens vi venta på buss tilbake til Ulefoss. Og på Øvre Verket var det god tid til omvisning, sal av brukskunst, handarbeid, foto m.m. og elles mange fristelser for kjøpelystne bygdekvinner. Vi blei servert herleg middag med "verdens beste" karamellpudding, terningkast 10+ ....
Stor takk til turkomitéen for godt planlagt tur.