Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Sommartur til Slottet

Interessant tema på Vidar Kulturhus. Vi lytter.

Vera takker for innsatsen ved 90-års jubiléet

Ein mandagstur

Høsting i grønsakåkeren

Velkommen i Bygdekvinnelaget


Har du lyst til å bli med i Bygdekvinnelaget?

Heddal Bygdekvinelag lar seg ikkje stoppe opp heilt i desse pandemitider. Dei planlagte møtene har vi foreløpig avlyst, men ut på tur i nærområdet - det er bare kontaktskapande og godt for både kropp og sjel. På vevstugu går skyttelen kvar tirsdag, og der er plass til fleire. Ein- og to-meters avstand er ingen problem der. Eller kanskje vi kan friste med deltaking i grønsakåkeren når våren og sommaren kjem. Vi er igang med planlegging av neste sesong hos Laila i Tåråfjellvegen.

Etterkvart som vi blir vaksinert og kan omgås på naturleg vis, har vi planane klar også for sommar og høst.

Vi har medlemmer frå heile kommunen og i alle aldre. Ta bare kontakt med Laila Glittenberg Moen, tlf. 918 34 903 eller medlem i lager som du kjenner. Der kan du også få vite meir om alt det vi har planar om og er engasjert i.

Blar du vidare på Heimesida vår finn du namn på styret, program, bilder og referat frå det vi elles driv med. Og du treng såvisst ikkje vere bondekjæring for å bli medlem. Du vil heilt sikkert vere ein inspirasjon og med på å skape enda meir liv i lokalsamfunnet vårt.