Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Damer frå Hyen Bygdekvinnelag og damer frå Ukraina på "bygdekjøkenet"

Kjøkengjengen frå Noreg og Ukraina

Kafébord i samfunnshuset

Bygdefolket møtte opp

Haustkafé i Hyen

Torsdag 20.oktober arrangerte Hyen Bygdekvinnelag kafé i Hyen samfunnshus i samband med Verdas matvaredag.

Saman med Hyen skule og fire damer frå Ukraina serverte Hyen Bygdekvinnelag matrettar frå tre land. Norsk betasuppe, kaker og dessert, polske fylte pannekaker og horn med marmelade og ukrainsk borsh (raudbetsuppe) og varenuku (potetbollar). Elevar på Hyen skule brukte timane i Mat og helse til å lage den polske maten. Dei deltok òg i salet i kafeen. Damer frå Bygdekvinnelaget og Ukraina samarbeidde for å lage resten av maten. Det vart ein flott, sosial og kjekk dag. Bygdefolket møtte opp. Det er kjekt å lage til kafé når det blir fullt rundt borda.