Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Oversiktsbilde av kurslokalet med 4 bord med takker

Takkebakstkurs

Halve kurslokalet, den einaste mannen på kurset i framgrunnen.

Også karane var representerte, ved Matias Hope

Utkjevling av klingebrød

Utkjevling av klingebrød

Langbordet med dei ferdigsteikte klingebrøda

Dei ferdigsteikte klingebrøda

Brita Hope i gong med utbaking

Brita Hope i gong med utbaking

Anne Berit Selle kjevlar ut

Anne Berit Selle kjevlar ut

Britt Kristin Mjellem i gong med utkjevling

Britt Kristin Mjellem i gong med utkjevling

Steiking på takke pågår

Steiking på takka.

Tone Merethe Ommedal bakar ut. Steiketakke i framgrunnen

Tone Merethe Ommedal bakar ut.

Liv Holme viser den eine gruppa. Ferdigsteikte leivar i framgrunnen

Liv Holme viser den eine gruppa.

Heile gjengen i arbeid

Heile gjengen i arbeid

Margunn Solheim testar ut sitjande utbaking

Margunn Solheim testar ut sitjande utbaking

Datamaskin med ski på direkten

Måtte halde oss oppdaterte på skisport undervegs

Ferdig utkjevla leiv. Kan visst ikkje bli for mykje mjøl

Ferdig utkjevla leiv. Kan visst ikkje bli for mykje mjøl.

Greit med maske mot mjølstøv

Greit med maske mot mjølstøv

Gerd Heimseter Aa er fornøgd med utkjevlinga

Gerd Heimseter Aa er fornøgd med utkjevlinga

Steiking

Steiking

Stabel

Stabel med klingebrød nederst og flatbrød oppå

Kursdeltakarane samla for informasjon på starten

Kursdeltakarane samla for informasjon på starten

Emner klare til utbaking

Emner klare til utbaking

Ferdigsteikt stabel

Ferdigsteikt stabel

Utstikking av emne. Norgesglaslokk med "mage"

Utstikking av emne. Norgesglaslokk med "mage"

Oversikt innover mot kiosken

Oversikt innover mot kiosken

Margunn Solheim likte kurset

Margunn Solheim likte kurset

Matpause med betasupe

Matpause med betasupe

Judit Aa har oversikt over om nokon treng hjelp

Judit Aa har oversikt over om nokon treng hjelp

Takkebakstkurs

Laurdag 4. mars arrangerte bygdekvinnelaget takkebakstkurs på Nesholmen frå 10-16.

Det lenge etterspurde takkebakstkurset var fullteikna, og kursdeltakarane var einige om at det var spennande og lærerikt - og heldigvis ikkje så vanskeleg som mange hadde sett føre seg. Dagen starta med at kurshaldarane Liv Holme, Judit Aa og Hilde Aa forklarte og tok imot (mange) spørsmål om deigen/knøda, og hjelpte til å sjekke når knøda var passe. Ein måtte kna ganske lenge, men det var ikkje like tungt og vanskeleg som ein del hadde fått fortalt på førehand. Vår knøde til klingebrød/fiskebrød inneheldt berre poteter og sikta kveitemjøl. Emne stakk vi ut med Norgesglaslok, med litt "mage" på. Så var det utbaking, ikkje for tjukt, ikkje for tynt. Her lærte vi at det var berre å pøse på med mjøl; "litt" på klingebrødbaking er ikkje det same som "litt" på pepperkakedeig eller bollar! Snuing og å legge på takka var noko av det vanskelegaste, men så var det heldigvis ikkje så vanskeleg likevel når ein berre fekk prøvd seg litt fram, og øvd seg på å treffe. Steiking gjekk bra radigt og vi fekk merke både korleis for lite steikt og for mykje steikt såg ut. Deretter var det ein lang og god matpause med velsmakande betasupa, og litt direktesending frå ski, før vi gjekk igong med flatbrød. Her hadde kvar av dei fire gruppene ca 3 liter potet, og trengde dermed ca 2 l mjøl, grovmjøl denne gongen. Elles var det meste likt. Mange uttrykte at det var fint å få prøve såpass mykje, og at det var greit å lage to ulike ting, og mange var interessert i å lære lefser seinare.