Tapaskurs i Kleppeneset
Søndag 5. mars arrangerte Hyen Bygdekvinnelag tapaskurs i Kleppeneset. Dette har vore gjennomført fleire gongar før, har vore ein suksess, og var etterspurd på ny.
Anne Karin Kleppenes var som vanleg kurshaldar, og kurslokalet var storkjøkenet i den flotte, ombygde fjøsen på Kleppenes Gard. Kurset varte frå klokka 13-18 og hadde 8 deltakarar. Dei vart delte inn fire grupper med to på kvar. Kvart par laga tre rettar, til dømes pastasalat med kylling, fylte tomatar, ulike typar bruschetta, timianpoteter med spekeskinke, og mykje anna godt. Deltakarane fekk også med seg eit oppskriftshefte heim. Til slutt vart eit flott langbord dekka, og sjølv om det var ein grå dag, klårna det opp akkurat når deltakarane sat og åt, slik at dei kunne nyte flott utsikt innover Hyefjorden til den gode maten. Det var eit triveleg og lærerikt kurs!