Vellukka fellesmøte med Nesjane og Gloppen Bygdekvinnelag
Nesjane og Hyen inviterte med seg Gloppen Bygdekvinnelag til fellesmøte i Kleppeneset måndag 4. mars. Til saman vart vi 52 damer, og det heile vart ein svært triveleg kveld! Alle var einige om at noko sånt gjerne kunne gjentakast!
Den romslege storstova i den tidlegare fjøsen på Kleppeneset Gard var som vanleg vakkert pynta, og klokka 19 starta kvelden med at leiarane i arrangørlaga, Anne Marie Devik og Sølvi Hope, ønskte velkomen. Sølvi las også diktet “Eg ber ikkje om det umogelege” av Bente Bratlund, før ho gav ordet over til to representantar for Hyen Spelemannslag: Lars Holme og Eli Johanne Mjellem spelte og song slagerane Møllerens Irene og Zanzibar. Publikum vart med på dei siste refrenga, og etterpå song alle “Nordmannen”, framleis til trekkspelmusikk. Anne-Karin Kleppenes fortalde om soga til garden, og korleis han har gått frå å vere eit lite melkebruk utan vegsamband til å bli eit svært godt besøkt fest- og møtelokale. Matserveringseventyret starta med oppussing av eit stabbur, og enda med ombygging av mjølkerommet til storkjøken og fjøsen til selskapslokale.
Deretter var det tid for kveldens hovudprogram: Cecilie Lyslo frå Innvik bygdekvinnelag, fortalde om Norges Bygdekvinnelag sitt Guatemala-prosjekt. Gjennom Utviklingsfondet samarbeider Norges Bygdekvinnelag med den lokale organisasjonen AMMID som har 1500 medlemmer, 80% kvinner. Det har også vore tur til Guatemala, der 11 bygdekvinner frå heile landet deltok. Cecilie var ein av dei, og ho viste bilder og små videoar frå opphaldet. Reisefølgjet var der i litt over ei veke og besøkte mellom anna ein jordbruksskule og eit gartneri, eit vevekurs, utveksla erfaringar med takkebakst og lærte store og små der å strikke. Bygdekvinnene fekk også overnatte i heimane til nokre av kvinnene; dei fleste var småbønder som også livnærte seg av kreative handverksprosjekt, og mange hadde fått hjelp av AMMID både til agronomikurs, handtverkskurs og lån til kjøp av husdyr. Mange kvinner i Guatemala er “tre gongar undertrykte”; dei er fattige, dei er frå urfolket og dei er kvinner.
Etter Guatemala-foredraget var det mat; nydeleg tomatsuppe med kjøtboller og pastaskruar. Nesjane hadde baka kaker, som fall veldig i smak. Under åresalet forsvann kvar ei åre, og det var fine premiar. Aud Kari Solheim fortalde litt om då døtrene hennar skulle adopterast frå Guatemala. Det var ikkje berre lett, men når dei endeleg var komne vel på plass i Eimhjella var det ei lukke. Aud Kari viste også fram tinga frå Guatemala som vart sendt med jentene då dei kom; det var dukker og jakker og mange andre fine ting i tradisjonelle fargar og mønster. Til slutt las Judit Aa frå ei av dei lokale “bygdekvinneskriftene”, “Tankekransen”. Teksten denne kvelden var av Synnøve Ommedal og handla om blomar, blant anna diktet “Blomstersong”. Før vi avslutta, takka Gloppen Bygdekvinnelag for invitasjonen, og konstaterte at det hadde vore ein kjekk “måndagsfest”, og at vi gjerne måtte samlast igjen snart!