Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Montering av bunadsskjorte.

Montering av bunadsskjorte. Foto: Margareth Moberg

Fòret vert festa på oppluten.

Fòret vert festa på oppluten. Foto: Margareth Moberg

Barnebunad med opplut og stakk.

Barnebunad med opplut og stakk. Foto: Margareth Moberg

Bunadskurs


Stor interesse for bunadskurs våren 2022.

Interessa for å læra å sy Hardangerbunad er stor i Kinsarvik og bygdene rundt. Det var difor mange som var glade for at Kinsarvik bygdekvinnelag skipa til kurs denne våre. Frå slutten av januar, og i alt 9 kurskveldar kunne 10 deltakarar sy alt opplut, rukkastakk og foldastakk. I tillegg vart det og montert bunadsskjorte. Kurslæraren var Hildegunn Øvsthus Jordal som viste dei ivrige deltakarane venleg men bestemt, korleis saumen skulle vera for å få eit godt resultat.