Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

KvinnerUT i vikingtida


Kjekk og lærerik historietime i Kinsarvik

Kinsarvik bygdekvinnelag gjennomførte 2. samling i programmet KvinnerUT onsdag 13.juni. Det var på førehand sendt ut invitasjonar til mange, men berre 4 av tilflyttarkvinnene møtte denne kvelden. Dei var tilgjengjeld svært interesserte og forstod ein god del norsk, og det vart ein spennande og triveleg kveld for oss alle.

Temaet for kvelden var Kinsarvik si historie. Me starta i Borstova, huset som almugen i Kinsarvik bygde i 1755 og som enno er i bruk, bl.a. som fast møtelokale for bygdekvinnelaget. Deretter vidare til Skiparstod,. Dette er  plassen der leidangsskipet «Harding-geiti» låg. Og historiar frå vikingtida er alltid populært! Etter båtstøa var det kyrkja sin tur. Kinsarvik kyrkje er ei steinkyrkje frå ca 1160. Her fortalde Anne Lutro levande om kyrkja si historie, og her var det ein del å læra også for oss lokale!

Etter programmet i sentrum rusla me opp bakken til eldhuset på Bråvoll. Det høvde slik at der var det denne kvelden baking av krotakaker til bygdekvinnelaget sin «kakebasar» laurdag 16. Utanfor eldhuset vart det servert kaffi og lappekaker og sjølvsagt smaksprøver av krotakakene.