Riksveg 13
Kinsarvik bygdekvinnelag støttar arbeidet for utbetring av riksveg 13 og har send ope brev til Ullensvang kommune, Fjordvegen Rute 13 og Vestland fylke.
LEVANDE BYGDER
Bygdekvinnelaget skal vera pådrivar for å skapa levande bygder, - arbeida for å skapa levande og aktive bygdemiljø med gode lokale møteplasser.
Me vil at folk skal busetja seg i bygdene våre og at det skal vera trygt og godt å bu her.
Difor vil me setja fokus på Rv 13, Kinsarvik- Bjotveit. Med ein slik vegstandard og med ein stadig aukande trafikk med tungtransport og store bubilar, kjennes det ikkje trygt å bu her.
Kva med beredskapen?
I sommarsesongen stoppar trafikken heilt opp kvar dag. Det er svært vanskeleg å ta seg fram, med trafikkork i fleire timar. Ved utrykkjing med sjukebil, brannbil eller politi, kanskje alle tre etatar samstundes, kan dette få katastrofale fylgjer. I mange tilfelle står det om minutter for å redda liv. Ein kan lett tenkja seg kva skrekksenario som kan oppstå med slik vegstandard. Det er slett ikkje sikkert at vertilhøva er slik at eit helikopter kan ta seg fram, om ein då er så heldig at det finst eit ledig.
Me har mykje å visa fram i bygdene våre og me vil gjerne ha turistar hit. Næringslivet her er svært avhengig av dette. Turisme og fruktdyrking/jordbruk er viktige næringar. Slik situasjonen på strekninga Kinsarvik-Bjotveit har vore dei siste åra er det fare for at me skræmer folk bort herifrå. Har dei stått i kø på denne vegen i timevis, kjem dei neppe tilbake.
For fastbuande, som er avhengig av å ta seg fram fleire gonger for dagen, til arbeid, skule og barnehage, er det ei stor utfordring å få ting til å gå i hop. Me vil gjerne at alle skal kunna delta på dei aktivitetar som finst, både på dagtid og kveldstid, både for born og vaksne. Vegstandarden i dag er til hinder for dette.
Me vil at dei unge skal flytta heim etter endt utdanning. Me vil at dei gamle skal sleppa å sitja i kø i fleire timar når dei gjerne skal i samledrosje til ein sjukehustime. Me vil at dei næringsdrivande skal overleva i bygdene. Me vil ha levande bygder!
Så kjære politikarar og alle som kan påverka: Ta dette på alvor! Prioriter denne strekninga! Det hastar!
Kinsarvik bygdekvinnelag
v/ leiar Helene Olsen