Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Gevinstar
Krotakaker på rekke
Gevinst

Sommarbasaren 2023

Det var strålande sol og sommarvarme då årets Sommarbasar vart skipa til ved Borstova i Kinsarvik laurdag 10. juni.

Den tradisjonsrike basaren som tidlegare heitte Kakebasaren, vart skipa til ved Borstova på Ålmerket i Kinsarvik. Omlag hundre store og små hadde møtt fram for å prøva vinnarlukka. Leiaren i laget, Inger Karin Dyrnesli, ønskte velkomen. Elin Liland Skår sytte for gode toner frå toradaren, medan folk kjøpte årer og lodd i loddbøkene. Det var både kaffi og te å kjøpa, samt mange gode kaker. Det var sjølvsagt òg gratis saft i sommarvarmen.

Det var tre rundar med åresal med mange gevinstar. Loddbøkene vart trekt under siste åresal og vinnarane ropt opp.Til slutt var det sal av ein del krotakaker som ikkje var lodda ut. Det viste seg diverre at det ikkje var nok kaker til sals til alle som ønskte å kjøpa, sjølv om det var bakt over 400 kaker til utlodding og sal!

Stor takk til alle som gav gevinstar til åresalet og loddbøkene. Stor takk òg til alle som kjøpte lodd, og til alle som deltok og gjorde basaren til ei triveleg hending.  

Vinnarar av gevinstar på loddbok 2023.pdf