Lesja Bygdekvinnelag på Brimi Seter
Else og Sigrun framfor Tessevatnet på Brimi Seter. Foto: Kathrine Holten
Karin, Åse og Eldbjørg hevar glaset for eit vellukka selskap. Foto: Kathrine Holten
Skråpåtå

Tur til Brimi Seter

Turkomiteen hadde lagt opp ein fin til til Brimi Seter fredag 23.august. Der hadde vi bestilt 4-retters middag og fekk blant anna deira kjende rett "Skråpåtå".

Vi vart henta med minibuss og frakta trygt fram og attende av sjåfør Trond Gammeltorp. Det var fint vær innpå fjellet, og Tessevatnet og setrene var eit flott skue! 15 damer frå Lesja var med på turen. På Brimi Seter var det fullt hus og vi fekk selskap av eit lystig lag med unge herrer under middagen. Det gjekk heilt fint om det var litt trangt rundt bordet, for beteninga på Brimi Seter gjorde ein utmerka jobb under presentasjon og servering av maten. Fyrst fekk vi ei nydeleg fiskesuppe med fisk frå Tessevatnet, så kom deira eigen ost  som Skråpåtå, så fekk vi ein deilig kjøtrett med potet og grønsaker til, før vi avslutta med dessertbuffet. God mat og drikke! Alle hadde det artig og kosa seg på tur!

Takk til turkomiteen som arrangerte denne turen.

Kathrine

 

 

 

Bli medlem