Arne Brimi på Vianvang. Foto: Marit Tordhol
Lesja bygdekvinnelag på tur.
Foto: Marit Tordhol

Tur til Vianvang 26.august

Turkomiteen hadde i år arrangert tur til Vianvang. 16 damer og Trond sjåfør ankom Vianvang i strålande haustvær og vart møtt av sjefen sjøl, Arne Brimi. Vi fekk høyre noko av historia både med og bak staden, og alle dei utbyggingane og den store satsinga som har vore sidan 1998. Vianvang er det lokale namnet på planten Bergfrue eller Fjelldronning, og jammen voks det to utgaver av planten i fjellveggen ved den store utepeisen. Vi smakte oss gjennom mange små og store rettar av både lokale og mindre lokale råvarer, alt smakfullt samansett, med gode fargar og sauser, brød og ikkje minst vin som passa til. Både Arne sjøl og dei trivelege servitørane hadde tid til å småprate med oss gjestar og det vart god stemning. Arne legg vekt på det gode måltid, og vi fekk ein tur i den innhaldsrike vinkjellaren der gode historier sat laust. Takk for ein triveleg tur med Lesja bygdekvinnelag.

Bli medlem