Tur til Tingvoll i regi av Ørskog Bygdekvinnelag
Sommaravslutning med tur til Tingvoll
Vi gler oss til å reise saman til Tingvoll denne dagen. Det er gjort avtale med Minibusservice Stene, som plukkar oss opp på busshaldeplassen ved Bunnpris kl.08.30
Ferda går då til Tingvollost, der vi får servert ostetallerken med spekemat kl.12.00 og påfølgjande omvisning. Når vi er ferdig her, dreg vi vidare til Strupstad gard. Her vert det også omvisning og smaking av ulike typar sider. Silje, som driv garden ynskjer å fortelje litt om garden si historie og korleis dei avlar fram frukta. Det er sjølvsagt mogleg å handle i gardsbutikkane vi besøkjer.
Dette er siste treffet før sommarferien og ein vel fortent pust i bakken, før vi tek fatt på hausten sine aktivitetar.
Vi ynskjer alle ein riktig god sommar!