Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Om oss

I Ørskog Bygdekvinnelag er det i dag 36 medlemmar, eit tal som har auka betrakteleg dei siste åra. Aldersspennet er stort, den yngste av medlemmane er fødd i 1990 og den eldste i 1941. 

Vi har faste medlemsmøter første onsdagen i månaden og vi har alltid plass til fleire medlemmar. Kom gjerne på medlemsmøte som vi held på Gamlebanken på Sjøholt kl.19.00 så vert du teken varmt imot av flotte bygdekvinner.

Vi er eit aktivt lag som etterkvart har utvikla mange ulike tradisjonar. Kursrekkjer for born, bygdefrukost, skulemåltid for elevar, pynting av kyrkja ved hausttakkefesten, lysvandring i Lerkelunden andre søndag i advent og bingo for bebuarane ved Busenteret ein gong i månaden. I tillegg har vi fast strikkekveld ein gong i månaden. Her strikkar vi blant anna sokkar til nyfødde innbyggjarar i tillegg til at vi sender strikka-produkt til veldedige formål.

Det vert halde ulike kurs gjennom året som rettar seg mot tradisjonsmat og tradisjonelt handtverk, vi stiller på stand ved Matfestivalen i Ålesund og Digernesdagane, vi har fast turdag kvar tysdag i tillegg til å vere med på ulike friluftsarrangement. Vi samarbeider også med andre lag og organisasjonar der vi stiller med matservering ved ulike arrangement som vert gjennomført i bygda gjennom året.

Vi er ein fin gjeng som gjer mykje kjekt ilag. Vi dreg gjerne på tur saman, der vi har det sosialt og lærerikt. Eksempel på dette er tur til Rauma ullvarefabrikk med omvisning og foredrag om fabrikken si historie, tur til Skarbø Gard i Stranda der vi fekk smake kortreist lokalmat og cider laga på garden og vi har besøkt fellesfjøsen i bygda der vi fekk god innføring i matberedsskap av seniorrådgjevar i Innovasjon Norge - Møre og Romsdal.