Fokus på gjenbruk av restar
No i Januar har vi i Bygdekvinnelaget ekstra fokus på gjenbruk av restar. På årets første medlemsmøte fekk vi servert nydeleg mat, laga av restar etter jula. Ei fantastisk god kjøttsuppe og rislappar til dessert, laga av dyktige bygdekvinner. Vi har fått donert ein god del restegarn i bomull, som flittige hender i strikkegruppa har produsert flotte hekla bamsar av. Bamsane har vi gitt i gåve til Krisesenter for Sunnmøre, som kan gje desse vidare til dei yngste brukarane av senteret, slik at dei kan får seg ein liten venn, i ei tid der mykje opplevast vanskeleg. Leiar ved Krisesenteret for Sunnmøre. Cecilie Teunissen, takka varmt for denne gåva.