Haustens første medlemsmøte
Vi hadde vårt første medlemsmøte etter sommaren forrige onsdag. Det var veldig kjekt å treffast att, no når vi alle har hatt ei lang pause med ferie og fått lada batteria:)
Vi hadde som vanleg ei innhaldsrik sakliste med aktivitetar som vi skal ta fatt på framover hausten. I tillegg hadde vi besøk av ein flott ung herremann frå bygda vår, som har utdanning i gardsdrift. Han har vore 18 månader i Australia og drive med gardsbruk der. Det var veldig spennande å høyre om korleis dei driftar jordbruk og næring under heilt andre føresetnader enn vi er vande med i Noreg. Det var svært tankevekkjande og spennande å høyre om alle opplevingane han har hatt og ikkje minst få nokre "aha-opplevingar" når det gjeld kor heldige vi er i vårt eige land med tanke på korleis vi på best mogleg måte forvaltar jorda og tar vare på eigen mattradisjonar.