Hederleg omtale
I sist utgåve av bladet vårt Bygdekvinner, fekk Ørskog Bygdekvinnelag skryt for arbeidet vårt. Hurra, så kjekt!
Alle liker vel å få ein klapp på skuldra, eller eit annerkjennande nikk for vel utført arbeid. Og vi intet mindre. Då blir vi så glad og stolt, og får enno meir giv for å fortsette vidare i samme drivet!
Vi er ein god gjeng, av både gamle og unge, og vi lærer av kvarandre. Her er det ingen som brenn inne med kunnskapen sin, vi deler raust og villig med kvarandre!
*Pst! om du vil bli medlem, går du berre inn på bygdekvinnelaget.no og melder deg inn - easy peasy og så er du plutseleg med i gjengen du og. Velkomen!*