Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Julebord


Onsdag 2. desember kosa vi oss på julebord!

Vi troppa opp på Fjellstova, der vi fekk servert nydeleleg, tradisjonell julemat med alt av deileg tilbehør. 
Stolane stod med ein meters avstand, bordet var pynta julete, og det same var vi. 
Av underhaldning, så hadde vi høgtlesing og vi song nokre sangar i lag. Tostemt, må vite.

Vi har diverre ikkje bilder frå gildet, så legg heller ved flotte Fjellstova for illustrasjon.

Neste no er Lammerull-kurs på onsdag, så tar vi pause for å styre og stelle til jul, og møtast til medlemsmøte i byrjinga av januar. Elles ser vi også fram til medlemsmøtet onsdag 3. februar, då Magne Henden vil vere saman med oss og vise oss korleis partere eit lam.