Vellukka bakstekurs igjen
For Øystre Slidre Bygdekvinnelag er det fast tradisjon å ha lefsebakingskurs før jul.
I år gjekk kurset fredag 10. og laurdag 11.november, og det var til saman fem deltakarar. Bjørg Helle var kursleiar, og ho hadde med seg tre medhjelparar frå styret.
Deltakarane måtte først lage knøe, og deretter bars det til med kjevling og steiking.
Det var ikkje enkelt, men det blei lefser på alle til slutt. Bygdekvinnelaget er svært fornøgd med denne trivelege aktiviteten.