Smaksprøver av lammerull, speket hjerte og "fjelløsters"
Lever og hjerte under kniven
Det stekes blodpannekaker
Mange lekre smaker på tallerknen
Blodpannekakedessert med Kesam og bringebær
RBK laget Sanna, Inger, Helena og Turid
Pizzaproduksjon
Stekte baller
Gyro serverer hode - en lekkerbisken fra Agaen

Aksjon "Bruk hele dyret" på Geitmyra matkultursenter 30.okt.

Ringsaker Bygdekvinnelag og Geitmyra Ringsaker matkultursenter for barn vil få fram verdien av å bruke heile dyret. Både fordi det er berekraftig, og fordi dei ulike delane gjev oss spennande oppskrifter. Me er ikkje lenger medvitne på kva delar av dyret me et, og matkunnskapen er viktig for å minske matsvinnet, i tillegg til at det gjev oss forankring i historia, og er spennande reint smaksmessig og matfagleg. 

I aksjonen “Bruk heile dyret” vil Bygdekvinnelaget òg løfte fram verdien av dyret, bonden, levande kulturlandsskap og lokal mat.

Geitmyra Ringsaker matkultursenter for barn og Ringsaker Bygdekvinnelag skipar fredag 30. oktober til ein dag for elevar i den vidaregåande skulen (restaurant- og matfag), der dei får lage og smake og lære om å bruke delar av dyret som ikkje er så vanleg i bruk i dag. Dei får lære om kvifor sauen er så viktig ein ressurs i det norske mat- og kulturlandskapet, og får prøve nye rettar som kanskje utfordrar både tanken og ganen. 

Det skal vere ein praktisk dag, med matlaging og smaking, men også med refleksjon og diskusjon. 

 

 

Kvifor er sauen så viktig, og kva er poenget med å skulle bruke heile dyret? 

Matsvinn - å vere sjølvforsynt - ressursbruk - respekt for dyret - næring - utfordre den kjedelege vanlege maten - klima - kulturlandskap. 

 

 

12.30 Presenterer kva kvar gruppe skal lage mat av, i plenum, basert på råvare. 

Diskusjon på gruppa: Kva tenkjer dei at dei kan lage av dette? Kva tenkjer dei 

at det smakar? 

Me presenterer tips til tilbereding, og deler ut omtrentlege oppskrifter til 

kvart bord, som dei skal lese gjennom før dei set i gong. 

Matlaging. Når dei er ferdige, friminutt fram til måltidet. 

 

13.30 Mat! Me dekkjer eit langbord og set oss saman. 

Kvar gruppe får presentere maten dei har laga. Geitmyra-folket går rundt og serverer ein smakebit til kvar. 

1. Hjarte og lever 2. Hjartegryte med potetmos. 3. Pizza 4. Pannekaker. 

Samtale kring bordet: Smak. Konsistens. Å utfordre seg sjølv med råvarene. 

Til slutt: Me tek ut sauehovuda frå AGAen og presenterer desse, med smak.  

 

14.15 Me oppsummerer:

Bruk heile dyret! Kvifor? 

Matsvinn og ressursbruk.

Drøvtyggjarane/sauen som kulturlandskapsarbeidarar

Sjølvforsyning i ei usikker framtid. Klima, minst muleg transport av mat. 

Å ete innmat - å utfordre det satte. Tradisjon? Kultur? Bakover eller framover?

Alle elevane skal til slutt seie ei setning om korleis dagen har vore - om dei har lært noko nytt, smakt noko nytt, om det var spennande, rart, smaka godt, inspirerande + 

 

14.30 Omlag - Takk for i dag og heimreise. 

 

 

 

Kva lagar me? 

Alle grupper må lage 25 stk av kvar (ein smak til kvar)

 

Gruppe 1: Blod. 

Blodpannekaker på takke. Servert med kesam og lune bær. 

 

Gruppe 2: Hjarte. 

Hjartegryte med omnsbakte rotgrønnsaker og potetmos. 

 

Gruppe 3: Lever.

Steikt lever og hjarte på takke. 

Lage to ulike “dressingar” (Peppar, honning og sitron. Balsamico, lime og ??)

 

Gruppe 4 og 5: Testiklar.  

Pizza med røykt fjelløsters og grøn pesto

 

Gruppe 4: Lagar pizzadeig og bakar ut (2 stk) (6 pizzaer, som me deler i 4 ved servering). Skjer østersen i tynne skiver og friterer på AGA i olje/høg varme, og hjelper så til med utbaking (2 stk).

Gruppe 5: Lagar kvit saus til pizza (2 stk). Plukkar basilikum frå plantevegg og 

finhakkar. Mortre til pesto (2 stk). 

Gruppe 4 og 5 går ut kl 12.10, steikjer pizza og gjer klar til servering. 

(Legg på pesto og ein bit fjelløsters på toppen av kvar pizzaporsjon etter servering)

 

Sauehovud: Flådd og marinert, langtidssteikt i AGAen. Servert til slutt, som wow-effekt og siste inntrykk. 

 

Bli medlem