Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Jun
27
Mon

Bli kjend på Tonstad

Tonstad ved klubbhuset
-

Hugs turen Tonstad rundt på måndag kl. 18.00.

Det blir òg ein tur innom Eva Snarli sin matnyttige hage.

Tonstad er kommunesenteret i Sirdal kommune med m.a. kommunehus, bank og hovedkontor for Sira-Kvina kraftselskap.

Gården Tonstad ligger på en større slette ved nordre ende av Sirdalsvatnet. Selve vannet har en høyde over havet på 52 meter, og sletten ligger få meter over dette. (...) Gården har sikkert også i gammel tid vært et sentralt sted for (...) dalens hovedkirke så langt tilbake vi har kjennskap til, har ligget her. Vi vet at det var kirke her i 1461, men det er rimelig å anta at det også hadde vært kirke her i minst 200 år før dette. (Sirdal gard og ætt, bind III)

Navnet Tonstad antar man er sammensatt av -stad og kvinnenavnet Torny (Todne), og -stad-navnet er trolig fra omkring 650-700 e.Kr. Den første skriftlige varianten man har funnet er Tonstadhar fra 1404.

Seksjoner

Det skal ha vore ein gravhaug på Hedleteigen, som òg vart kalla Asalhaugen, omlag i skiljet mellom indre og ytre Tonstad. Der fann dei eit tydeleg gravkammer av steinheller, trekol og nokre korn då ny riksveg skulle byggjast gjennom Tonstad, men han vart ikkje undersøkt sv arkeologar.

Tinghaugen på Ytre Hauan er jamna med jorda, men som namnet viser, var det i si tid ein tingplass.

Elles er det påvist ein gravhaug sør for aldersheimen og ei gravrøys på Eikåsen. Vidare er det funne ei leirkrukke og ein bronsekjelr ein meiner kan vera frå eldre jernalder (500 F.Kr. - 600 e. Kr.). Desse vart sende til Historisk museum i Bergen, og er  avfotograferte i bind III av Sirdal gard og ætt av Per Seland (Sirdal kommune 1988)

Ut frå dette kan ein tolka at det har budd folk på Tonstad tilbake til folkevandringstida (400-600 e. Kr.), men truleg endå lengre attende.