Blei kjende på Feed skiarena
Trass regn møtte 18 damer opp ved Feed skiarena.
Me kikka på grillhytta, som er mykje i bruk, før me la i veg på 5 km-løypa. Plutseleg kom ein rulleskiløpar susande, og lurte nok på kva me var ute på.
Turen gjekk på asfalt og i vått terreng, men regnet roa seg relativt fort. Siste del av løypa førte oss ned mot Espetveit.
Nokre av damene ville ha litt lengre tur, og byrja og/eller slutta i Ålevika, medan andre synest den delen er for mørk og tung.