Blei kjende på Gatneskjel

Eller er det Gatneskil? Uansett tyder det veg-/gatekryss.

Det var 15 som gjekk, og ein mann torde å bli med på dagens tur.. nokre var kanskje skremde av mørke skyer, men me var heldige som vanleg; det blei ikkje nedbør.

Turen gjekk frå Monan til Seland tur/retur på grusveg, og er rett over fire (4) km, med både kyr, kalvar og ein stut som beitar langs vegen. 

Me fekk høyra at denne vegen var atkomstvehen til Josdal heilt til byrjinga på 1980-talet, og lenger tilbake i tid òg til Seland. Det var før køyrebru blei bygd.

Etter turen vart det artikkel i SirdalMedia.

Bli medlem