Bli kjend i bygda
Skreå

Blei kjende på Skreå

Bli kjend-turane starta opp att etter sommarferien på Skreå med 28 ivrige turgåarar. Ei kraftig regnbyge rett før oppstart skremde ingen, og me tørka fort opp att i varmen.

Torunn Olavsdatter Fossen og Alf Skreå var kjentfolk, og sistnemnde la ut i godt driv, først på ny gardsveg og så på den gamle vegen. 21 bygdekvinner, to  bygdejenter, ein bygdegut og to bygdemenn følgde på.

Undervegs møtte me sauer på beite, beundra store flater nydyrka mark, undra oss over lite vatn i Skreåna og såg delar av den gamle driftevegen på andre sida av åna.

Bli medlem