Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Sporkland
Sporkland
Sporkland
Sporkland
Sporkland
Sporkland
Sporkland

Blei kjende på Sporkland


Sesongen til bli kjend-turane starta svært godt i sommarvarmen med 19 interesserte bygdefolk og to vegvisarar på veg til Sporkland.

Reidun og Toril tok oss med til klyngetunet med flotte hus, hagar og fjos, og fortalde om livet både før og etter vegen som kom i 1952. Dei første flytta frå i 1958, medan den siste fastbuande døydde i 1977. Gardane har likevel blitt brukte av familie og slekt, og nå bur det ein person fast, medan eigarane i eitt av dei andre husa helst bur der frå påske til utpå hausten. Vodlane er forpakta bort, så her beiter det både sau og ungdyr, og det blir slått gras. Det er godt, for elles hadde skogen nok kome endå nærare.