Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Akebakke Haugen hytteutleie og camping
Akebakke
Akebakke i flaumlys
Akebakke
Akebakke
Akebakke
Akebakke
Akebakke
Akebakke

Full fart i akebakken


Ein tirsdagsettermiddag i februar med 10-12 minusgrader var det full aktivitet i akebakken på Haugen!

Det blir tidleg mørkt, men med opplyst akebakke hos Haugen hytteutleie og camping storkoste barn frå to år og oppover seg! Det var full fart både opp og ned bakken, og dei hadde knapt tid til ei pølse eller eit kakestykke.

Mødre, fedre og bestemødre varma seg innimellom rundt bålpanna med ein kopp varm kaffi, eit kakestykke og god drøs.

Det var heile 27 ungar og 19 vaksne som fann vegen til Haugen 9. februar 2021.

Takk for lån av bakke og for ei ekstra preparering av Åge!