Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Forteljing
Forteljing

Heimesommar: Forteljingar og historier

26. juli var det tid for del to av Heimesommar 2021, og regntunge skyer hang over Kvæven. Me kunne flytta inn like godt først som sist, og godt var det, for snart hølja det ned! Forteljingane om og frå Sirdal samla 29 personar i Jørenhuset denne kvelden, og fleire var det eigentleg ikkje plass til.

Inne var det god stemning med mykje folk som lytta konsentrert. Først til Magnar Undheim som fortalde om kunst i Sirdal på 1800-talet, med rosemåling og folkemusikk, samstundes som han trekte liner til i dag og kor lite flinke me er til å fortelja andre om kva me er gode til.

Etterpå fortsette Steinar Tjomlid med historia bak ‘’Segner og historier frå Sirdal’’ og fleire historier frå boka, før Ivar Åmlid fortsette med slåser og forteljingar både lokalt og generelt. I tillegg fortalde han om den andre bussen som vart kjøpt inn i Sirdal i 1929.

Litt kaffi og kaker vart det sjølsagt før me avslutta, og då hadde regnet òg roa seg.