Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Norspinn og B20


Endeleg! Etter fleire utsetjingar var ni medlemmer klare for å få vita meir om Norspinn AS og B20 fredag 4. juni.

Me byrja i to grupper på Norspinn AS pga. smittevernreglar, og fekk ein svært grundig gjennomgang av Elizabeth Aitken, eigar og entusiast, om arbeidsprosessen frå ulla vert levert til hespelen er klar for sal.

Dette krev mykje arbeid, for først må alpakkaulla reinskast for rusk og rask (tumbling) før ho blir vaska og tørka, der det meste er manuelt arbeid. Det er mogleg å bruka vaskemaskin, men blir det for mange omdreiingar, blir det tova teppe før ein veit ordet av det...

Etterpå tar maskinane over det meste av arbeidet:
Plukkaren drar fibrane frå kvarandre, men ulla bli svært statisk.
Rensaren renskar siste rest av rusk og rask og stive hår.
Kardaren kardar ulla til ryegarn eller vidare reise til strikkegarn, og legg rullane i ein kveil.
Strekkaren greier og strekker ut til jamnare og tynnare garn i to omganger (fire kveilar frå kardaren blir til ein i strekkaren).

Dei siste stega er spinning og tvinning, før hespling og farging. Sidan dei fleste av oss vil ha fargar som held i årevis, nyttar ein syntetiske fargestoff, eller ein kan velja å behalda ulla i opprinneleg farge.

Har noko blitt oppfatta feil under omvisinga, kan du lesa meir her.

Etterpå gjekk turen til B20 Brewpub med smaking av fem ulike øltypar, mykje og interessant informasjon om B20 og omvising i sjølve bryggeriet. Meir alkoholreklame kan det nok ikkje bli her, men takk til ein svært engasjert Kristian Tronstad med kompanjong!