Persesyltekveld
Desember går fort, og me er halvvegs til jul, så fem bygdekvinner ville gjera klart julesylta i god tid.
Grisehovuda putra og kokte i tre timar, krydder var blanda og alle var klare med brødformer, kopphandkle og kniv. Me har gjort dette mange gonger før, men det er kjekt og sosialt å arbeida side ved side.
Denne gongen hadde me med ei lita bygdejente som òg ille læra dette. Tradisjonar må førast vidare til neste generasjon, og tre generasjonar var faktisk samla rundt bordet. Det fekk me dessverre ikkje bilete av, for me var så opptatt med arbeidet at me heilt gløymde å dokumentera prosessen... Ikkje før me mest var ferdige, men oppvask er jo òg ein del av jobben.