Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Skidag
Skidag
Skidag
Skidag
Skidag

Skidag i Bruåsen, Tjørhom 21.02.21


Aktivitet ute er fint, og denne gongen samla tretti små og store seg i Bruåsen, Tjørhom.

Turen starta med ein to km lang skitur frå Tjørhom til Bruåsen, der Morten hadde laga til eit flott område for leik og aktivitet. Takk til han og andre som var ''sette i arbeid'' for å få dette til!

Ungane koste seg i bakken, før det blei natursti - med vanskelege spørsmål og mange praktiske oppgåver. Sjølvsagt vart det bålkos med pølse på nyspikka pølsepinne,  kaffi, kakao og drøs. Og premiering av naturstien!

Litt skodde stoppa ingen, heller ikkje tre jenter som fortsette skituren frå Bruåsen med ein runde i Fåråsen.