Tradisjonsmat
Sofiekakekurs

Sofiekakekurs

Sirdal bygdekvinnelag valde sofiekaker som sitt bidrag til norsktradisjonsmat.no. Då må me kunna laga desse kakene òg.

Dermed vart det kurs 28. mars hos Gunnbjørg Myhre, og seks bygdekvinner møtte motiverte opp.

Kakene er eigentleg noko kliss å laga! Røra er relativt flytande, og ein skal forma kakene med hendene utan å klappa inn for mykje mjøl eller at deigen set seg fast mellom fingrane. Me gjekk likevel på med liv og lyst, mislukkast av og til, men prøvde på ny, og fekk til slutt med smaksprøver heim og 150 kaker til kaffimat til basaren dagen etter.

Alt vart ete opp på basaren, noko som må vera teikn på at me hadde gjort ein ikkje så verst innsats. Nå må me berre halda ved like og utvikla teknikken endå meir gjennom jamnleg sofiekakesteiking!

Sofiekaker - omlag 45 stk
2 egg og 10 ss sukker skal vispast litt.
Ha i 1,5  dl fløyte og 1 l kulturnjølk, men rør ut 1 ss natron og 1 ts hjortetakk i litt av kulturmjølka.
Sikt i omlag 700-720 gr kveitemjøl og vend mjølet i til ein relativt blaut deig.
 
Ha ein suppetallerken/eit vidt, lågt fat med kveitemjøl i, og ta ein passe deigklump med ei stor spiseskei og legg i mjølet. Dekk deigen med mjøl, ta han i hendene, form til deigen og slå/klapp av mjølet og legg på bakstehella. Dette må gå fort! Trykk ut deigen til ei rund, flat kake om lag 1/2 cm tjukk og like stor som ein lapp. Steik på begge sider på tørr helle.
 
Sofiekakene er gode med syltetøy, Nøtte eller brunost på, og kan godt frysast.
Bli medlem