Hopp til hovedinnhold

Stord Bygdekvinnelag

Kreative kranselagarar i aksjon

Kransar i ulike materiale vert til

Full brakke i garasjen. Veldig kjekt!

Førjulskos i orangeriet med gløgg og julekaker

Koseleg i førjulspynta omgjevnader

Kranseverkstad


Kranseverkstad- ein fin og sosial førjulsaktivitet

Guro inviterte Stord Bygdekvinnelag med venner til kranseverkstad på Førland 4H-gard ei kveldsstund onsdag. 16 blide og godt kledde damer samlast i garasjen, der det var rigga med mykje granbar, brake og sypress, kongler, lerkegreiner og band. Alt var lagt tilrette for ein kreativ kveld ilag. Ekstra kjekt denne kvelden var mange nye andlet, håpar dei har lyst å vere med oss vidare i laget. Guro ynskja velkomen og fortalde litt om kranselaginga, og muligheten til å laga seg girlander eller anna med materialene ein hadde til rådighet. Mange fine kransar vart til etterkvart som kvelden seig på. Nokon laga krans på streng, andre på halmkrans. Og ikkje ei einaste krans vart lik!

I orangeriet var det sjølvbetjening av gløgg, julebakst, sjokolade og klementiner.

Kvelden vart avslutta med utlodning, med mange fine vinstar.

Alle var einige om at kvelden hadde vore triveleg, kanskje dette vert ein ny tradisjon i laget?